Dette er barnehagen vår

Om barnehagen

Kort fortalt

Norlandia Myklebust er en barnehage i Herøy (M.R.) kommune, med 17 ansatte og 52 plasser fordelt på 2 avdelinger.


Leinøy

0-3 år

Bergsøy

3-5 år

Hvorfor velge Norlandia Myklebust?

Dagane våre er prega av faste rutinar for barna, men det er òg rom for spontane aktivitetar og innhald. Vi har innført 'vekas hjelpar' der barna deltek i oppgåver som å fylle vatn på flasker eller dekke bordet, slik at dei skal få oppleve selvstendighet, mestring og kjenne seg viktige i fellesskapet.

Vi deler barna inn i mindre grupper for ulike aktivitetar som forming, tur, matlaging, lesestund og gym, slik at kvart barn får god oppfølging og vaksenkontakt, og for å leggje til rette for at nye venskap lettare kan dannast.

Vi har praktiske el-syklar som hjelper oss med å komme raskt rundt. Vi legg vekt på språkutvikling for å skape eit inkluderande miljø for barnet ditt.

Alle avdelingane våre har lyse og luftige rom som er perfekte for leik og aktivitetar. Alt er tilrettelagd for at barnet ditt skal kunne utfalde seg både fysisk, kreativt, språkleg og sosialt.

Vi har ein stor og fin gymsal, oversiktlege smårom og eit fellesområde med ei 'leikegate' der barna kan leike og lære med passande leiker for alderen.

Uteområdet vårt er trygt og inspirerande, med mange spennande leikeapparat tilpassa barn i alle aldrar og funksjonsnivå.

I tillegg har vi eigen fotballbane, sykkelstiar med trafikkskilt og ein gapahuk der vi lagar mat, et og har trivelege fellesstunder saman. 

Noe av det vi liker best

  • Erfarne og kompetente tilsette - Vi har den høgaste andelen medarbeidarar med barnefagleg kompetanse i kommunen, langt over det nasjonale gjennomsnittet. Heile ni av ti tilsette hos oss har barnefagleg utdanning.
  • Inne- og uteareal som er tilrettelagde for at barnet ditt skal kunne utfalde seg både fysisk, kreativt, språkleg og sosialt.
  • El-syklar med kasse som gjer oss mobile slik vi kjem oss enkelt rundt i nærmiljøet.
  • Førstehjelpsopplæring for førskulegruppa
  • Sentralt og nært det meste. Gode turmoglegheiter, Sunnmørsbadet, kulturhus, bibliotek, butikkar, fjell, skog og fjøre, alt ligg i nærleiken.
  • Eigen kjøkenhage der barna deltek i heile prosessen frå jord til bord
  • Fullkostbarnehage med eigen matansvarleg
  • Symjeopplæring for skulestartarane

Dette er barnehagen vår

Pedagogikk og tilnærming